-
Julegaveaksjon 2024
Mandag 2.desember - fredag 20. desember.
Rekordstor kartlegging av frivilligheita
3.600 lag og organisasjonar i Møre og Romsdal er invitert til å delta i ei spørjeundersøking, som no er sendt ut. Målet er meir kunnskap for å kunne gi frivilligheita best moglege rammer.Aldri før er ei samla frivilligheit i Møre og Romsdal blitt spurt om å delta i ei undersøking for vårt fylke.
– Undersøkinga gir kommunen og fylkeskommunen verdifull kunnskap. Men for å få eit godt kunnskapsgrunnlag, er det viktig at alle deltar, seier Heidi-Iren Wedlog Olsen, kulturdirektør i Møre og Romsdal fylkeskommune i ein sak som er publisert på deres nettside.
Kvifor er det viktig å delta?
Svara frå kvar enkelt organisasjon, frå den minste lokale til den store regionale, er like viktig. Undersøkinga går ut til 3.600 lag og organisasjonar, og vi vil høyre frå kvar enkelt av dei for å få eit så nøyaktig bilde av situasjonen som mogleg. Alle er like viktige.
Kva er eigentleg omfanget av arbeidet med frivilligheit i Møre og Romsdal? Kva behov har dei? Og kva er verdien av arbeidet frivilligheita legg ned i samfunnet? På oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune skal Telemarksforsking kartlegge dette og andre relevante problemstillingar.
– Frivillig sektor har ei sentral rolle i vårt samfunn, og vi har lenge ønska å få ei betre oversikt over kva som kjenneteiknar ho, seier kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen. Målet er å få meir kunnskap om både samfunnsnytten til frivillig sektor og om samspelet mellom frivillig og offentleg sektor.
– For å få best mogleg resultat frå undersøkinga, håpar vi at leiarar i eller andre representantar for dei frivillige organisasjonane sett av tid og deltek i undersøkinga, seier Wedlog Olsen.
Oppspel til frivilligplanar i kommunane
Det er Telemarksforsking som gjennomfører undersøkinga, som vil inkludere ei spørjeundersøking til frivillige organisasjonar. Dei har også gjennomført intervju med alle kommunar i fylket. Dei meiner denne undersøkinga vil gje ny innsikt i samspelet mellom offentleg og sivil sektor.
– Betre innsikt i korleis desse kan spille på lag, vil vere avgjerande før å løyse viktige utfordringar i lokalsamfunna i tida som kjem, seier prosjektleiar Hanna Nyborg Storm i Telemarksforsking.
Resultatet skal etter planen verte ein rapport til kvar kommune, pluss ein felles rapport for heile fylket. Resultata skal mellom anna kunne gje kommunane i fylket eit kunnskapsgrunnlag for korleis dei kan samarbeide betre med frivilligheita i sin kommune, men også for fylkeskommunen på eit regionalt nivå.
Har din organisasjon mottatt undersøkinga?
Undersøkinga er no sendt ut per e-post til kontaktperson i organisasjonen, som oftast leiar. Sjekk om den kan ha enda opp i søppelkassa om du ikkje har sett den. Viss de ikkje har mottatt undersøkinga, så gi oss beskjed ved å følgje denne lenka. Då vil vi følgje opp dette.
Vi håper at flest mogleg vil svare – di meining er viktig!
Foto: Rigmor Mindresunde
Del på:
-
Frivillige til Julegaveaksjonen 2024
Vi trenger litt bistand!
-
Julegaveaksjonen 2024
Kr. 25 000,- i TEFT-midler Sparebanken Møre!
-
DigiHjelp med tema: Svindel
Tirsdag 5.november kl. 1200-1400. Tips til hvordan du kan unngå å gå i fella!
-
TV-aksjonen 2024: Ny rekord!
Mandag morgen viser tallene at 754 580,- kroner ble samlet inn i Hustadvika kommune i forbindelse med årets TV-aksjon.