Har de forslag til Fylkeskulturprisen 2025?

Kjenner du nokon som har lagt ned ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Då vil vi høyre frå deg!

Kven kan få prisen?

Prisen skal heidre stor innsats for kulturlivet i fylket og kan gå til ein person, gruppe av personar, lag eller organisasjonar som

  • høyrer heime i fylket
  • har sterk tilknyting til fylket
  • viser evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege
  • har talent, viser kreativitet og evne til nyskaping 

Prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Prisen
Prisen er eit diplom og 50 000 kroner. Fylkeskulturprisen blir delt ut på fylkestinget i desember.

Har du eit forslag?
Meld inn din kandidat med grunngjeving i skjemaet, innan 1.september. Skjemaet finn ein på denne lenka: Fylkeskulturprisen - Møre og Romsdal fylkeskommune

Med helsing
Anna Lianes
Rådgjevar i seksjon for berekraftig samfunnsutvikling
Rådgjevar for eldrerådet og rådet for personar med nedsett funksjonsevne, kulturavdelinga 

Møre og Romsdal fylkeskommune, tlf. 71 28 03 07 / 99 29 83 95, anna.lianes@mrfylke.no


Tidlegare vinnarar av Fylkeskulturprisen

ÅrNamnFagområdeHeimkommune
2024Astrid OveraaTeaterÅlesund
2023JazzlogenMusikkMolde
2022Hjørundfjord kulturvernlag
Ørsta
2021Maria ParrBarnebokforfattarVanylven
2020Fuglset mannskorMusikkMolde


NB! Forrige gang Fylkesprisen gikk til en fra Hustadvika var i 1990. Da fikk Edvard Hoem prisen. (Foto/VG)

2025 © Hustadvika frivilligsentral